I et internasjonalt perspektiv vil det vere svært viktig å styrke matproduksjon, sjølberging og beredskap i landet vårt. Stor økning i folketallet, naturkatastrofer og klimaendringer må føre til en god forvaltning og vedlikehold av våre naturgitte og menneskelige ressurser for å trygge matvareberedskapen. I tillegg må Norge bygge opp igjen matkornlager og fôrkornlager.
Prisene på verdensmarkedet varierer meir enn tidligere. Den langsiktige trenden er høgare priser. Høgare energiprisar fører til auka kostnader i produksjonen av matvarer. Det blir 70 – 80 millioner flere mennesker kvart år. Meir enn ein milliard menneske svelt. Samtidig som det er behov for meir mat og betre fordeling, blir 300 millioner dekar dyrka jord ødelagt kvart år. I tillegg blir ein stadig større del av areala brukt til å produsere energi.
Klimaendringane reduserer evna til å produsere mat i stadig aukande tempo i flere område i verda. FN fryktar fleire opprør på grunn av aukande matprisar. Eit aukande antall land i verda kjøper areal for matproduksjon i andre land, særlig i Afrika og Asia, såkalla «landgrabbing».
FNs klimarapport anslår at matvaresikkerheten i verda kan bli kraftig svekka som følge av klimaendringane. Ifølge rapporten, som er basert på 12.000 vitenskapelige studiar, vil klimaendringane medføre mangel på ferskvann og matjord, og FN konkluderer med at matvaresikkerheten i verda kan bli kraftig svekka. Veksten i verda sin matproduksjon vil være lågare enn tidligere berekna, samtidig som at etterspørselen vil gå kraftig opp. Særlig vil produksjonen av kveite, mais og ris i varme strøk bli ramma av klimaendringane. På grunn av flom kan fleire hundre millionar menneske bli nøydde til å flytte, særlig i øst- og sør- Asia.
Norge må ta eit større ansvar for eigen matproduksjon i åra framover. Vi har no den lågaste sjølforskyningsgraden siden 1970- tallet, og importerer over 60 prosent av maten vi et. Vi kan ikkje basere oss på å bli stadig mer avhengig av eit globalt matmarked som blir stadig meir uforutsigbart dersom vi ynskjer betre mattryggleik. Vi forventar at regjeringa tar disse utfordringane på alvor, og bidreg til ein bærekraftig matproduksjon i Norge. Dette inneber at vi må produsera meir mat sjølv, og at jordbruksareala i heile landet fortsatt skal haldast i drift. Jordbruksoppgjeret vil vise om regjeringa er villig til det.
Verdas matproduksjon går mot krise, slår klimapanelet fast. Det er problematisk også for Norge, fordi vi lever av importert mat. Det vil koste pengar å dempe klimaendringane si effekt på matproduksjonen, også i Norge. Det er første gong klimapanelet advarer så sterkt om utviklinga mot ei rein matvarekrise. Ved forrige hovedrapport, i 2007, så ikke panelet for seg ein så dramatisk matsituasjon.
«Verden er bare ei dårlig kornavling fra kaos», seier ein av vår tids fremste miljøforkjempere, Lester R. Brown. På mange måtar er verdas matproduksjon sårbar:
Verdas folketal aukar med meir enn 200 000 innbyggarar kvar dag.
Verdas kornlager utgjer nå berre nokre få vekers forbruk.
Matjordarealet aukar ikke lenger. Sjølv om noe jord blir dyrka, blir like mykje matjord asfaltert, bygd ned, ødelagt av erosjon eller tatt ut av produksjon. Derfor blir det stadig mindre matjord per innbyggar.
Mange mat- og fôrplanter har nådd eller er nær sine biologiske tak. Kveiteavlingene i Frankrike og Egypt synes å stoppe på vel 700 kilo per dekar, risavlingane i Japan og Kina på 500 kilo og soyaavlingane i Brasil på 250 kilo.
Vassmangel og varmebølger som følge av global oppvarming på grunn av klimaendringar gjør at matproduksjonen fell i store område.
En matproduksjon basert på monokulturer og store einingar er ekstra utsatt for plante- og dyresykdomar.
Erfaringer fra finans- og matkrisa i 2007-08 viser at matprisane nærmest kan eksplodere når etterspørselen blir større enn tilbudet. På noen få månader vart prisane på basismatvarer meir enn dubbla.
Stadig fleire land tek denne situasjonen inn over seg, nokre med å sikre innanlandsk matproduksjon, men også diverre mange med den, oftest billigere løysinga med kjøp av matjord i andre land. Mat er blitt den nye olja, og matjord er blitt det nye gullet. Meir og meir har landbruk og matproduksjon blitt et tema som ikke avgrensa til det eine fagdepartementet, men eit politisk hovedspørsmål der beslutningar må tas i miljø-, helse-, energi- og utenriksdepartement og i samla statsleing. Vår næring og vårt arbeid som matprodusentar er avgjerande for heile samfunnet.
Legg igjen en kommentar