Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘2014’

Eit år med landbrukspolitikk som vil gi solid støtte til småskala familielandbruk

FN lanserte nyleg 2014 som det internasjonale året for familielandbruket. Sidan oppstarten i 1993 har den internasjonale småbrukarrørsla La Via Campesina vore den einaste organisasjonen som dagleg har forsvara småskala familielandbruk globalt. Dette arbeidet går føre seg i våre 160 ulike organisasjonar i 79 land, og blir  utført  av meir enn 200 millionar medlemmer, kvinner og menn. Norsk Bonde- og Småbrukarlag er stolte av å ha vore medlem sidan oppstarten.

La Via Campesina er representert i 18 land i Europa, og våre søsterorganisasjonar er både småbrukarar og landarbeidarar som medlemmer. Alle er organiserte under paraplyen matsuverenitet og småbrukarverdiar, som begge er essensielle for omgrepet familielandbruk.

EU-kommisjonen arrangerer møte 29. november, og det er viktig for oss å minne deltakarane der om nokon viktige fakta: Små – og middelsstore gardsbruk er framleis den økonomiske og sosiale ryggraden i europeisk landbruk. Gjennomssnittleg storleik på eit europeisk gardsbruk er 140 m2, men meir enn 69 prosent er under 50 m2, og berre 2,7 prosent er over 1000 mål. Slik er situasjonen i Europa, den regionen som har mest makt når det handlar om å gjere vedtak som påverkar landbruket i alle land.

Basert på garden sine eigne ressursar og arbeidskapasitet, og ikke berre kapital, er desse gardsbruka tilpassa eit stort mangfald innan naturgitte, sosiale og økonomiske tilhøve. I generasjonar har desse lokalt tilpassa strukturane garantert tryggleik og mangfald av mat for europeiske borgarar. Det er ein verdifull modell basert på sosial, økonomisk og økologisk bærekraft. Målet med dette landbruket er å produsere sunn og lokalt tilpassa mat på eigne ressursar utan å øydelegge for matproduksjonen i andre land. Målet er ikkje matproduksjon som grunnlag for børs og spekulasjonar.

På trass av alle desse gode intensjonane, opplever vi år etter år at politikken blir utforma slik at fleire og fleire av desse gardane ligg aude. Dette blir ofte framstilt som ei naturleg og moderne utvikling, men er dårlig tilpassa dei problema vi står ovanfor i det 21. århundre og den globale krisa som europeiske folk står ovanfor.

Tida er for lengst komen for å relokalisere eit mangfald av landbruksprodukt og innføre retningslinjer basert på prinsippet om matsuverenitet. Småbrukarverdiane og ein sosial bærekraftig jordbruksmodell må oppretthaldast og støttast. Både nye og unge bønder har plass i den landbruksmodellen som Småbrukarlaget og La Via Campesina arbeidar for. I fleire europeiske land vender nå folk seg til landbruket frå fleire kriseråka økonomiske sektorar. Dei kan alle finne ei framtid i landbruket!  Enkeltland sin landbrukspolitikk treng solid gjennomgang og endring i tråd med direktiva frå komiteen for World Food Security av FNs Food and Agriculture Organization ( FAO ) .

Eit svært viktig punkt er at alle hygieneforskrifter må vere tilpassa den kvardagen som bønder opplever i produksjon og foredling. Lovgivning som regulerer frø, må støtte bøndene sitt eigarskap og kontroll og ikkje favorisere agroindustrien. Felles for mange land i Europa er også at landbruket treng meir eigna  finansiering for småskala gardar enn dagens bygdeutviklingsprogram. Det må også leggjast til rette for nye og meir hensiktsmessige distribusjonskanalar og ikkje minst må marknadane regulerast for å garantere akseptable og stabile prisar.  Fleire av våre yrkessøstre og brør i mange land slit også med reell rett til å organisere seg. Det må vere ein sjølklar rett i alle land. Kollektiv, solidaritetsbasert organisering av småskala familielandbruk bør vere ein sjølvskriven rett over heile verda.

Det europeiske småbrukarlaget av rørsla La Via Campesina apellerer til dei internasjonale institusjonane, og særleg til EU, om å arbeide samanhengande og systematisk for å definare sin landbrukspolitikk. Det internasjonale året for småskala familielandbruk må ikkje berre bli fine ord som får oss til å gløyme dei svært viktige og kritikkverdige forhandlingane som er undervegs med USA. Den dialogener er me overtydd om vil øydelegge famlilielandbruket, inklusiv lovgiving rundt frø, patent, genmodifisering og heile den framtidige felles europeiske landbrukspolitikken.

Vi treng alle småbruk!

 

Reklamer

Read Full Post »