Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘internasjonalt’

I et internasjonalt perspektiv vil det vere svært viktig å styrke matproduksjon, sjølberging og beredskap i landet vårt. Stor økning i folketallet, naturkatastrofer og klimaendringer må føre til en god forvaltning og vedlikehold av våre naturgitte og menneskelige ressurser for å trygge matvareberedskapen. I tillegg må Norge bygge opp igjen matkornlager og fôrkornlager.

Prisene på verdensmarkedet varierer meir enn tidligere. Den langsiktige trenden er høgare priser. Høgare energiprisar fører til auka kostnader i produksjonen av matvarer. Det blir 70 – 80 millioner flere mennesker kvart år. Meir enn ein milliard menneske svelt. Samtidig som det er behov for meir mat og betre fordeling, blir 300 millioner dekar dyrka jord ødelagt kvart år. I tillegg blir ein stadig større del av areala brukt til å produsere energi.

Klimaendringane reduserer evna til å produsere mat i stadig aukande tempo i flere område i verda. FN fryktar fleire opprør på grunn av aukande matprisar. Eit aukande antall land i verda kjøper areal for matproduksjon i andre land, særlig i Afrika og Asia, såkalla «landgrabbing».

FNs klimarapport anslår at matvaresikkerheten i verda kan bli kraftig svekka som følge av klimaendringane. Ifølge rapporten, som er basert på 12.000 vitenskapelige studiar, vil klimaendringane medføre mangel på ferskvann og matjord, og FN konkluderer med at matvaresikkerheten i verda kan bli kraftig svekka. Veksten i verda sin matproduksjon vil være lågare enn tidligere berekna, samtidig som at etterspørselen vil gå kraftig opp. Særlig vil produksjonen av kveite, mais og ris i varme strøk bli ramma av klimaendringane. På grunn av flom kan fleire hundre millionar menneske bli nøydde til å flytte, særlig i øst- og sør- Asia.

Norge må ta eit større ansvar for eigen matproduksjon i åra framover. Vi har no den lågaste sjølforskyningsgraden siden 1970- tallet, og importerer over 60 prosent av maten vi et. Vi kan ikkje basere oss på å bli stadig mer avhengig av eit globalt matmarked som blir stadig meir uforutsigbart dersom vi ynskjer betre mattryggleik. Vi forventar at regjeringa tar disse utfordringane på alvor, og bidreg til ein bærekraftig matproduksjon i Norge. Dette inneber at vi må produsera meir mat sjølv, og at jordbruksareala i heile landet fortsatt skal haldast i drift. Jordbruksoppgjeret vil vise om regjeringa er villig til det.

Verdas matproduksjon går mot krise, slår klimapanelet fast. Det er problematisk også for Norge, fordi vi lever av importert mat. Det vil koste pengar å dempe klimaendringane si effekt på matproduksjonen, også i Norge. Det er første gong klimapanelet advarer så sterkt om utviklinga mot ei rein matvarekrise. Ved forrige hovedrapport, i 2007, så ikke panelet for seg ein så dramatisk matsituasjon.

«Verden er bare ei dårlig kornavling fra kaos», seier ein av vår tids fremste miljøforkjempere, Lester R. Brown. På mange måtar er verdas matproduksjon sårbar:

 Verdas folketal aukar med meir enn 200 000 innbyggarar kvar dag.

 Verdas kornlager utgjer nå berre nokre få vekers forbruk.

 Matjordarealet aukar ikke lenger. Sjølv om noe jord blir dyrka, blir like mykje matjord asfaltert, bygd ned, ødelagt av erosjon eller tatt ut av produksjon. Derfor blir det stadig mindre matjord per innbyggar.

 Mange mat- og fôrplanter har nådd eller er nær sine biologiske tak. Kveiteavlingene i Frankrike og Egypt synes å stoppe på vel 700 kilo per dekar, risavlingane i Japan og Kina på 500 kilo og soyaavlingane i Brasil på 250 kilo.

 Vassmangel og varmebølger som følge av global oppvarming på grunn av klimaendringar gjør at matproduksjonen fell i store område.

 En matproduksjon basert på monokulturer og store einingar er ekstra utsatt for plante- og dyresykdomar.

 Erfaringer fra finans- og matkrisa i 2007-08 viser at matprisane nærmest kan eksplodere når etterspørselen blir større enn tilbudet. På noen få månader vart prisane på basismatvarer meir enn dubbla.

Stadig fleire land tek denne situasjonen inn over seg, nokre med å sikre innanlandsk matproduksjon, men også diverre mange med den, oftest billigere løysinga med kjøp av matjord i andre land. Mat er blitt den nye olja, og matjord er blitt det nye gullet. Meir og meir har landbruk og matproduksjon blitt et tema som ikke avgrensa til det eine fagdepartementet, men eit politisk hovedspørsmål der beslutningar må tas i miljø-, helse-, energi- og utenriksdepartement og i samla statsleing. Vår næring og vårt arbeid som matprodusentar er avgjerande for heile samfunnet.

Read Full Post »

Eit år med landbrukspolitikk som vil gi solid støtte til småskala familielandbruk

FN lanserte nyleg 2014 som det internasjonale året for familielandbruket. Sidan oppstarten i 1993 har den internasjonale småbrukarrørsla La Via Campesina vore den einaste organisasjonen som dagleg har forsvara småskala familielandbruk globalt. Dette arbeidet går føre seg i våre 160 ulike organisasjonar i 79 land, og blir  utført  av meir enn 200 millionar medlemmer, kvinner og menn. Norsk Bonde- og Småbrukarlag er stolte av å ha vore medlem sidan oppstarten.

La Via Campesina er representert i 18 land i Europa, og våre søsterorganisasjonar er både småbrukarar og landarbeidarar som medlemmer. Alle er organiserte under paraplyen matsuverenitet og småbrukarverdiar, som begge er essensielle for omgrepet familielandbruk.

EU-kommisjonen arrangerer møte 29. november, og det er viktig for oss å minne deltakarane der om nokon viktige fakta: Små – og middelsstore gardsbruk er framleis den økonomiske og sosiale ryggraden i europeisk landbruk. Gjennomssnittleg storleik på eit europeisk gardsbruk er 140 m2, men meir enn 69 prosent er under 50 m2, og berre 2,7 prosent er over 1000 mål. Slik er situasjonen i Europa, den regionen som har mest makt når det handlar om å gjere vedtak som påverkar landbruket i alle land.

Basert på garden sine eigne ressursar og arbeidskapasitet, og ikke berre kapital, er desse gardsbruka tilpassa eit stort mangfald innan naturgitte, sosiale og økonomiske tilhøve. I generasjonar har desse lokalt tilpassa strukturane garantert tryggleik og mangfald av mat for europeiske borgarar. Det er ein verdifull modell basert på sosial, økonomisk og økologisk bærekraft. Målet med dette landbruket er å produsere sunn og lokalt tilpassa mat på eigne ressursar utan å øydelegge for matproduksjonen i andre land. Målet er ikkje matproduksjon som grunnlag for børs og spekulasjonar.

På trass av alle desse gode intensjonane, opplever vi år etter år at politikken blir utforma slik at fleire og fleire av desse gardane ligg aude. Dette blir ofte framstilt som ei naturleg og moderne utvikling, men er dårlig tilpassa dei problema vi står ovanfor i det 21. århundre og den globale krisa som europeiske folk står ovanfor.

Tida er for lengst komen for å relokalisere eit mangfald av landbruksprodukt og innføre retningslinjer basert på prinsippet om matsuverenitet. Småbrukarverdiane og ein sosial bærekraftig jordbruksmodell må oppretthaldast og støttast. Både nye og unge bønder har plass i den landbruksmodellen som Småbrukarlaget og La Via Campesina arbeidar for. I fleire europeiske land vender nå folk seg til landbruket frå fleire kriseråka økonomiske sektorar. Dei kan alle finne ei framtid i landbruket!  Enkeltland sin landbrukspolitikk treng solid gjennomgang og endring i tråd med direktiva frå komiteen for World Food Security av FNs Food and Agriculture Organization ( FAO ) .

Eit svært viktig punkt er at alle hygieneforskrifter må vere tilpassa den kvardagen som bønder opplever i produksjon og foredling. Lovgivning som regulerer frø, må støtte bøndene sitt eigarskap og kontroll og ikkje favorisere agroindustrien. Felles for mange land i Europa er også at landbruket treng meir eigna  finansiering for småskala gardar enn dagens bygdeutviklingsprogram. Det må også leggjast til rette for nye og meir hensiktsmessige distribusjonskanalar og ikkje minst må marknadane regulerast for å garantere akseptable og stabile prisar.  Fleire av våre yrkessøstre og brør i mange land slit også med reell rett til å organisere seg. Det må vere ein sjølklar rett i alle land. Kollektiv, solidaritetsbasert organisering av småskala familielandbruk bør vere ein sjølvskriven rett over heile verda.

Det europeiske småbrukarlaget av rørsla La Via Campesina apellerer til dei internasjonale institusjonane, og særleg til EU, om å arbeide samanhengande og systematisk for å definare sin landbrukspolitikk. Det internasjonale året for småskala familielandbruk må ikkje berre bli fine ord som får oss til å gløyme dei svært viktige og kritikkverdige forhandlingane som er undervegs med USA. Den dialogener er me overtydd om vil øydelegge famlilielandbruket, inklusiv lovgiving rundt frø, patent, genmodifisering og heile den framtidige felles europeiske landbrukspolitikken.

Vi treng alle småbruk!

 

Read Full Post »